Rediger

Gresk aften - avsluttning på Røde Kors dagen !

Kategori: Lokalforening

Med Georgios Pasparakis på laget byr vi inn til;

 «Gresk aften» på Røde Kors huset 7. september kl 20.00

Kva er «Gresk aften»?

Mat. Mykje mat. Sunn mat også! Sjølv om det smakar godt!!

Og vi skal kose oss med maten på gresk vis …til langt på natt!!

Berre så DET er nemnt; vi legg stor vekt på gode råvarer. Kokken krev det!!

Bl.a. har vi avtale om nymodne tomatar og agurk frå Urke. Og fleire andre vert spesialbestilt.

 

Det er ikkje forrett, hovedrett og dessert som på «norsk vis» skal etast raskt og «effektivt».

I staden er det mange rettar. Ca. 14 store og små er på planen. Varme og kalde.

Vi startar med «mesedes» (smårettar) og så held vi fram …leenge!

Så husk: Alt må smakast, ta litt av kvart, og meir seinare. Og ta det med ro.

Den som set i veg i «norsk» tempo vil nok få ein solid «sprekk»!

Vi skal skape stemning som på ein gresk taverna med gresk dans og musikk.

Vi har eigen trupp som vil hjelpe til med dette.

Men viktigast av alt er mange Røde Kors vener som først og fremst vil ha det kjekt i lag!!

Og ta gjerne med ektefelle / sambuar!!!

Pris pr deltakar kr 200,-. For alle som hjelper til med Røde Kors dagen har vi «standard eigenandel» på kr. 100,-. Betaling ved frammøte.

Påmelding innan 24. august til avdelingsleiarar;

Hjelpekorpset:         May:     Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller Kristin: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Besøksteneste:        Hilde:   Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Barnehjelp:             Torill:    Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

BARK:                    Robert:  Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Lokalforeining         Helge:  Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

«Først til mølla» - prinsippet gjeld. Så vent ikkje for lenge med å melde deg på

Vi reknar med å ha plass til om lag 100 gjestar, og det har vore stor interesse for kvelden.

Ekstra informasjon