Rediger

Hjelpekorps

Skredøving 26.02.2015

I dag har Operativ leiar i Hjelpekorpset: Kristin Riise og leiar i skredgruppa: Jan Peder Hoggen vore på øving saman med politiet, HV, Sivilforsvaret, Redningshundar og helse. Det blei gjennomført ei papirøving med tema skred. Hjelpekorpsa i Ørsta og Volda kunne i dei første timane stille med 50 personar, og dette er kjempebra! Etterkvart simulerte vi at dette auka ut over dagen.

Les meir: Skredøving 26.02.2015

Årsmøte i Hjelpekorpset 2015

Årsmøte i Ørsta Røde Kors Hjelpekorps på lokalet i Ørsta, Fredag 20.02.2015, kl 1900.

Vanlege Årsmøtesaker.

Etter møtet blir det sosialt samvære, me går ut og et.

 

Skipatrulja til Bjorli 28.-30.november

Avreise frå Røde Kors ca kl 16 på fredag, avreise frå Bjorli ca kl 16.
ca 3,5 timars kjøring til Bjorli

Overnatting på Stjernehytta med 15 sengeplassar. Ta med sovepose eller eige sengetøy. Det er mulig å leige dette for kr150, men då må Roar få tilbakemelding om kven som skal ha
(må betale dette sjølv).
Hytta har uteboblebad, så ta med badekle om du vil bløyte deg..

Tørrmat og middag laurdag blir ordna. Fredag kveld blir det brødmat til kvelds.
Dersom du har noko form for matallergi MÅ du gi Roar meldig.
Det blir laga felles middag på laurdag.
Det blir handla inn vanleg pålegg, brød, melk,juice, kaffi/te.
Leverpostei, kvitost, brunost, fårepølse,skinke, sylte, majones, egg.

Om du har noko pålegg du ikkje klarer deg uten, må du kjøpe det sjølv.... ( Nugatti.....)

-------------------------------------------------------------------------------

Kurs info : Kurs plassar 12
Tilbudet går først til dei som skal gå inn i vaktording i skipatrulja, dersom det blir ledige plassar blir desse fylt opp av andre i hjelpekorpset som også er engasjerte på vakt på bondalseidet.


Vi må ha to kveldar med teori på førehand. Dato er ikkje bestemt endå, men kjem straks ;) er nesten eit krav at du må kunne delta på desse kveldane for å få maks utbytte av kurshelga på Bjoli.

Kurshelga blir praktisk trening på ulike senario, og alt skjer ute.

Fredag kveld tek vi ei lita økt ute på ein god time.
Laudag : oppstart ute kl 10. held på til ca kl 16. Vi smører matpakke til lunsj.
Blir ute heile dagen. Blir 4 lag som skal innom 4 postar.

Søndag: oppstart ute kl 11. Då skal hytta vere rydda og tømt. Vi sjekkar ut av hytta før vi fer i skibakken.
Vi smører matpakke til lunsj søndag også.

Søndag blir det også gruppeøvingar på ulike senario. Alt skjer ute på søndag også, vi pakkar og reiser heimover ca kl 16 på søndag.

------------------------------------------------------------------------------
Personleg utstyr :

Skiutstyr :alpin, telemark eller randone. Krav om skihjelm
Gode kle til alt slags vær
Sekk, termos
Om du har skredsøkar, søkestong og spade. Ta det med, om ikkje har dert, er det høve til å låne. Men DU må sei frå til meg kva du treng.

Resten er opp til deg kva du vil pakke med deg.

X2 4. og 5. april

Vi treng vakter til årets X2. Planen er gjennomføring på Bondalseidet som ifjor, men dette kan bli endra.

Fredag:

XFree:

- Vakter med god skidugleik

- Vakter til målområde

- Skutervakter

 

Laurdag:

XTind:

-Vakter med god skidugleik

XTelemark:

- Vakter med god skidugleik

- Skutervakter

XStyle:

-Sanitetsvakter

XCreek:

-Sanitetsvakter

XBoard:

-Sanitetsvakter

 

Årsmøte Hjelpekorps og sosialhelg Standalshytta

Helga 28.februar - 02.mars har vi boooka Standalshytta

I år som i fjor blir det årsmøte fredag kveld kl. 19.00

Resten av helga var det planlagt skuterhelg, men på grunn av snømangel blir dette litt vanskeleg. Det blir derfor lagt opp til rein sosialhelg med lite opplegg anna enn å ha det kjekt ;)

Kjem det sopass med snøv til den helga at det er mulig med skutertrening blir dette då ein bonus for dei som vil dette!

Ta med familien å ta turen!

Vi gjer det som tidligare:
-Vi ordnar middag etter årsmøtet og laurdagskveld. I tillegg til ein liten lunch laurdag.

Frukost og mat utover dette må kvar enkelt syte for sjølve.

Prisar:
Voksne pr. natt : 150
Born fra og med 6år pr. natt : 50
Born u.6år: gratis

 

Påmelding til Kristin innan Onsdag 26.februar!

Sosialhelg på standalhytta

Helga 11-13 oktober er det duka for vår årlege familietur på Standalhytta!

Vi vonar at flest mogeleg vil avslutte haustferien sin saman med oss.
Vi har sjølvsagt bestilt nydelegflott vèr!


Ein kan velge å vere med heile eller delar av helga.

Les meir: Sosialhelg på standalhytta

Vakt oppdrag Dei nynorske festspela 2013.

Hjelpekorpset skal ha ei rekke vaktoppdrag på konsertane til Dei nynorske festspela.

http://www.festspela.no/dnf/no/

 

Torsdag 27. juni
21.00–22.30
Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet
Hekla Stålstrenga

 

Fredag 28. juni
20.00–21.15
Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet
Å, for ein strålande kveld!

 

Laurdag 29. juni
15.30-16.00
Uteamfiet, Aasen-tunet
Lurivar og kjærleiken

 

Laurdag 29. juni
20.00–21.30
Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet
Vamp

 

Søndag 30. juni
11.00–12.00
Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet
Festspelgudsteneste i det fri

 

Søndag 30. juni
15.00-16.30
Uteamfiet, Aasen-tunet
Aasen-stemnet 2013

 

Interesserte må gjerne ta kontakt med Kristin eller Arnfinn.

Ekstra informasjon