Rediger

Hjelpekorps

Oppstart Skipatrulje

Tirsdag 11. desember opnar Ørsta Skisenter, dermed kjem vi også til å starte opp med den tidlegare omtalte skipatrulja.

 

Ørsta Skisenter

Dei som skal i vaktturnusen i år blir:

Børulf/Inger-Lise
Kristin
Arve/Linda
Bernt Arve
Kjell Martin
Jarle
Bjørnar
Krister
Knut
Geir Ove
Roar
Arnfinn

Det nokre fleire som ynskte å vere med, men vi har prioritert dei som ikkje har vekesturnus jobbar. Det blir likefullt høve til at desse får ta del i vakter som tidlegare.

Planen er at 2 stk frå skipatrulja er på vakt kvar dag/kveld skisenteret er ope. Vi har i tillegg 5 skikort til andre som ynskjer å vere frivilleg vakt. Det vert ei innstramming i praksisen i år på at dei som skal vere frivilleg vakt må gjere avtale med dei som har skipatruljevakta når dei kjem og når dei reiser. Oppmøte for skipatrulja skal vere før skisenteret opnar og avreise ikkje før anlegget stenger. (Frivillige vakter møter før 11:00)

Sidan vi er i ei oppstartfase no før jul, så blir det no satt opp ei vaktliste fram til 6. januar. Planen er at skipartulja møtast på Bondalseidet i løpet av første veka for ein gjennomgang av første vaktliste og vakttenesta generelt.

Her er første vaktlista:          

Tirsdag 18.des   Jarle   Arnfinn
  Onsdag er stengt
Torsdag 20.des   Børulf   Krister
 Fredag er stengt Geir Ove   Knut
Lørdag 22.des    
Søndag 23.des   Bernt Arve   Geir Ove
Onsdag 26.des   Jarle   Børulf
Torsdag 27.des   Arnfinn   Bjørnar
Fredag 28.des   Kristin   Krister
Lørdag 29.des    
Søndag 30.des   Arve/Linda   Knut
Mandag 31. des   Kjell Martin   Roar
Tirsdag 01.jan   Bernt Arve   Arve/Linda
Onsdag 02.jan   Kjell Martin   Roar
Torsdag 03.jan   Jarle   Arnfinn
Fredag 04.jan   Børulf/IL   Bjørnar
Lørdag 05.jan    
Søndag 06.jan   Kristin   Krister

 

(Tal kodene er noko eg bruker i excel, så det er ikkje noko å bry seg om endå).

HK-prøve 10.desember

Treng du resertifisering av HK prøva?

Måndag 10.desember arrangerar vi resertifisering på denne prøva.

Det er no kome nye praktiske postar, der ein går meir på undersøking av pasientar.
Dei ulike postane inneheld: brudd(spjelking), hjartesjukdom, bevisstlaus person.

Pga dei nye postane har vi lagt opp til at Måndag 3.desember kan dei som skal resertifisere seg gå igjennom postane å øve litt fram mot prøva.

Treng du resertifisering, ta kontakt! :)

Mvh Kristin operativ

Førstehjelpskurs

Grunnkurs førstehjelp: Måndag 22.okt kl. 18 i Volda og Ørsta
30 timers førstehjelp: Helga 2-4.nov i Volda/Ørsta. Dette kurset krev deltaking på grunnkurs.
Påmelding / spørsmål: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller tlf. 48141920

 

 

Skipatrulje ved Ørsta Skisenter

nytt tilbod til medlemane i Hjelpekorpset.

Arnfinn på vakt

Arve Rødvik har i haust jobba med å få til ein avtale mellom ØRKH og Ørsta Skisenter.
Det er kome fram til eit forslag til avtale som er beskrive lenger nede.

Les meir: Skipatrulje ved Ørsta Skisenter

Tur til Standalhytta

12. – 14. oktober er det duka for årets «hausttur» til Standalhytta.

Helga er lagt opp til familiehelg, men samstundes med mykje godt fagleg innhald.

Les meir: Tur til Standalhytta

Oppdatert terminliste

Til hjelpekorpset sine medlemer

Oppdatert terminliste for hausten er no lagt ut.

Terminliste

 

Sommaren er over og Hjelpekorpset har stilt med vakter på om lag 15 arrangement, samt rykt ut på 4 oppdrag.
Sidan slutten av april har hjelpekorpset fakturert vaktoppdrag for kr 45.000,-.

Styret ønskjer å rette ei stor takk til medlemane som har bidrege. 

 

 

26. August 2012. Henteoppdraget på Brekkeheida

Litt over 2300 fekk vi melding frå Politiet om at 2 ungdommar hadde mørkna ute på Brekkeheida.

Les meir: 26. August 2012. Henteoppdraget på Brekkeheida

Ekstra informasjon