Rediger

Hjelpekorps

Endring på terminlista

Hei! Vi er nødde til å endre litt på det utlagde terminlista.

DHLR Måndag 11.mars blir flytta til etter påske.

Korpskveld denne veka blir Tysdag 12.mars kl.19.00 på Bondalseidet.
Tema: Skred. Dette blir andre og den praktiske delen av skredundervisninga som vi hadde satt opp i Januar.
Dette blir felleskveld med Volda RKH

For spørsmål ta kontakt med Kristin.

x2

X2 - Vaktliste

Les meir: x2

Vaktliste for dagvakter, skipatrulja.

Følgande har bekrefta at dei stiller på vakt på dagtid i vinterferien:

Mandag: Roar og Miranda

Tirsdag: Arve/Linda og Knut

Onsdag: Helge Rørstad og Knut

Torsdag: Arve/Linda og Knut

Fredag: Inger-Lise/Børulf og Knut

 

Kveldsvakter går som oppsatt etter vaktlista, eventuelt med interne byttingar.

 

Årsmøte og sosialhelg(familiehelg)

 

Helga 15.-17. februar blir det sosialhelg på Standalhytta. Her startar vi fredagskvelden med årsmøte kl. 19.00 og påfølgande årsmøtemiddag . Vi ber om at folk gir tilbakemelding til Kristin (48141920) eller Børulf (91633688) om du kjem til å delta på denne middagen.

Resten av helga blir det sosialt samvær, medan transportgruppa vil ha skutertrening.

Som tidlegare, ber vi om at folk tek med seg mat til frukost og lunsj.
Laurdagskvelden lagar vi til eit varmt måltid.

Vi satsar på nokre flotte vinterdagar saman med dykk!

Vel møtt !

Mvh
Styret

NRK med direktesending frå Ørsta Røde Kors Hjelpekorps

I samband med isforholda i fjellet var NRK Møre og Romsdal på besøk og hadde direkte innslag i 18:40 nyheitene, mandag den 21.januar.

Reprise kan du sjå her:

 

http://tv.nrk.no/serie/distriktsnyheter-moere-og-romsdal/dkmr99012113/21-01-2013#t=39s

 

Aksjon Saudehornet 20.jan 2013

Klokka 12:50 søndag miste ein mann fotfestet tett under toppen av Saudehornet og glei ca 400 høgdemeter ned renna mot Skåla.

Ein hjelpekorpsmedlem var tilfeldigvis på Vallahornet og observerte fallet. Ein redningsaksjon vart raskt iverksett og helikopter vart tilkalla.

Hjelpekorpsaren og ein anna turgårar tok seg fram til den skadde og fikk hjelpt mannen til ambulansehelikopteret kom og henta han.

Det var for bratt til at helikopteret kunne lande slik at dei måtte løfte ut den skadde med underhengande tau.

Sea King kom også og var i beredskap.

Personen hadde ei kneskade.

 

Pi-gruppa til hjelpekorpset var også utkalla og stod i beredskap i Skåla.

 

Redningsmann inn for landing

 

Rednignsmann tek i mot krok

Helikopter utsjekk for skredgruppa.

Skredgruppa hadde mandag 17. desember utsjekk på ambulanseheilkopteret.

Formålet er at medlemane i skredgruppa skal kunne gå trygt inn og ut av helikopteret, samt betjene dør, sikkerhetsbelter og intercom utan at andre enn pilot er ombord.

18 stk vart utsjekka denne kvelden.

Redningsmann forklarer

Jarle prøver. 

Pass døra Roar!

Slik skal det ikkje gjerast

Slik skal det ikkje gjerast!!

 

Ekstra informasjon