Rediger

Hjelpekorps

Hjelpekorpset på Facebook.

Ørsta Røde Kors Hjelpekorps kan no også følgjast på:

www.facebook.com/orstarkh

Det blir lagt ut meir meldingar og bileter frå dag til dag enn det som kjem på denne sida.

Grisegrilling

Hjelpekorpset si Grisegrilling!

 

Vi inviterer nok ein gong til tradisjonsrik grisegrilling på vakre Raudøya!

Fredagen er tenkt som familiekveld så det er 
ope for å ha med born fram til Laurdag ettermiddag 
då det tek heilt av og blir vaksenfest.

Vi skal få tak i vasski, kajakkar, tube og ymse vassrelatert moro, 
men det blir heilt garantert moro på land også.

Grisen + tilbehør serverast Laurdag 15. ca kl. 20.00

Du sjølv tek med god drikke, frukost og
evt. andre måltid du treng for å ha det fint heile helga. 

Vi set opp minst eitt 16.mannstelt, men det er god plass til private telt.

Økonomi: 100,- pr. porsjon

Vel møtt! 
Påmelding til Arnfinn innan 9.juni:
 sms 90159159 snabelpost: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Gi beskjed om du blir med på heile eller deler av helga.

 

 

Sjølv om grillen er belastningsprøva av ein lettvektar har den halde nokre år.
Denne testen vart utført av byggmeisteren når grillen var ny 22.06.2000

Informasjon leiteaksjon Stryn

Felles ordremøte Laurdag kl.09.00 på Oppstryn skule på Hjelle.

Oppmøte på Røde Kors lokala i Ørsta kl. 07.15 for felles avreise kl.07.20
Vi legg opp til at vi samkjøre oss i bilar frå lokala.

Ta med mat og drikke til ein lang dag ute i feltet.
Etter endt aksjon ca.kl 19 blir det servert felles suppe.

Les meir: Informasjon leiteaksjon Stryn

Måndag 29.04

Då har vi fått oppdatert terminlista fram til sommaren.

Trykk les meir for å sjå kva vi skal gjer på førstkomande måndag(29.04)

 

Les meir: Måndag 29.04

Mandag 22. april DHLR-kurs

Mandag klokka 18:00 vert det DHLR-kurs på mandagsmøtet for hjelpekorpset.

Eit e-læringskurs er no ein del av kurset.
Dette finn du på: http://nrr.org/web2012/

Heilt til høgre på denne sida finn du ein blå knapp med DHLR e-læring.

Klikk på den, registrer deg som ny brukar og gjer ditt beste på å utføre e-læringskurset.

 

Planlagt leiteaksjon i Stryn


Vi har fått invitasjon til å delta på leiteaksjon i Stryn 24-26.Mai etter den sakna mannen som forsvann i desember 2012.
Dette blir ei fin anledning til å øve og bli kjende med naboane i sør.

Meir konkrete planar om å reise og campe saman, kjem vi tilbake til. Kom gjerne med forslag!

Les meir for å lese invitasjonen

Les meir: Planlagt leiteaksjon i Stryn

Skutervakter i påska

For Påska 2013 har Transportgruppa sett opp følgjande Skutervakter:

Laurdag           23.03 Torbjørn
Søndag           24.03  Odd Jarle
Mandag           25.03  Sindre
Tirsdag            26.03  Terje
Onsdag           27.03   Børulf
Skjærtorsdag   28.03   Torbjørn
Langfredag      29.03   Trond
Påskeaftan       30.03   Trond
1.påskedag      31.03   Torbjørn
2.påskedag      01.04   Torbjørn

 Dersom du må bytte og ikkje får til sjøl, kan du ringe en venn, eller ta 50/50. ikkje spørre publikum Cool

Andre i Transportgruppa som kan ta vakter kan vere Oddbjørn, Vidar, Arve, Kristian, Geir Ove, Arnfinn +++

Ekstra informasjon