Rediger

Tryggleiksalarm

Kategori: Faste HK

 

Tryggleiksalarmtenesta og Vakttelefonen

Den nye vaktturnusen med to veker på og to månader fri er no godt innarbeidd. Vi må vel kunne seie at det er ein suksess.

-Fleire har teke ut godtgjersle for å gå faste vakter med telefonen.
-Vi kan fortsatt få fleire reservevakter, eller eit lag til i turnusen.

Førebels er det ti personar på vaktilista med faste vakter, og med to veker på for kvar av to mannslaga blir det 8 veker fri. Det er ønskelig med enda meir friperioder så vi kan fortsatt få fleire til å gå i fast vaktturnus. Det er ønskelig med enten litt erfaring, eller at ein er aktiv i hjelpekorpset i dag. RK-prøva må du ha, vi skal snart ha nye prøver om du manglar den.

Styret har vedteke at dei som går i fast turnus skal få ei godtgjersle på inntil 2000,-  Godtgjersla vert å ta ut som fråtrekk på eigendelar til kurs og sosiale arrangement, og på varer frå Røde Kors Butikken.

Vaktliste for tryggleiksalarmane finn du på facebookgruppa

 

https://www.facebook.com/groups/268193150017031/files/


Uniformering og utrykking

Utrykkingstid frå alarmen er motteken til du er hos pasient skal helst ikkje overstige 30 min. 

Bruk helst uniform eller ei av jakkene som heng ved nøkkelskapet.
Bilane er likt utstyrt og kan begge nyttast til utrykking (løftesete heng ved whiteboard i garasjen, men er ikkje strengt nødvendig utstyr ved utrykking). Gå gjerne gjennom utstyret ved ledige stunder og gjere deg kjend med kva som er med.

 Varsling

Vi har to mobiltelefonar med tvilling-abonnement. Begge mobilane ringjer samstundes og den som svarar må ta kontak med den andre telefonen ved høve etterpå.

På dagtid kan Bernt Arve eller Knut Arne kontaktast for utrykning om du ikkje har moglegheit sjølv.

I tilegg til oppringingar for hjelp til tryggalarmane vil utkalling av hjelpekorpset også skje på denne telefonen. Dersom politi eller Møre og Romsdal Røde Kors treng oss, skal den som har vakta straks ta kontakt med operativ leiar eller andre som kan starte ei utrykking.

Den som har telefonen er ansvarleg for å levere den til den neste på lista, mandag kveld eller etter avtale.
Kvar enkelt er ansvarlig for sine veker og må sjølve bytte vakter og ordne med avløysing.
Reservevaktene kan spørjast om å være tilgjengeleg for evnt. utrykning i kortare periodar, eller dei kan ta vakt for kortare perioder.

Reservevakter:

Terje Stokke
Kjell Martin
Bernt Arve
Helge
Sindre
May
Knut Arne
Knut Vatne

 

oppdatert 23.12.2014 vaktliste 2015. -Arnfinn

 

Ekstra informasjon