Rediger

Storøving og Sommaravslutning

Kategori: Hjelpekorps

Invitasjon til storøving og sommaravslutning

Storøving

Laurdag 20.juni blir det storøving i Hjørundfjorden.

Vi håpar at mange vil vere med denne dagen! Øvinga vil vere både i fjell og på sjø. Dette blir lagt opp slik at vi har mest mulig utbytte av dagen. I tillegg til fjell, bratt og sjøredning vil vi øve på, og teste ut nødnettet og ny VHF-repeater.

Øvinga startar med oppmøte og felles orienteringsmøte kl.09.00.
Ta med kle, sko og niste til å vere ute heile dagen i terrenget (uansett vêr).

Sommaravslutning

Medan øvinga går føre seg laurdag, vil Helge og Odd Jarle vere grillmestrar på Kapteinskvia på Sæbø, like nord for ferjekaia.
På kvelden inviterar vi til sommaravslutning med heilgrilla gris m/tilbehør.
Elektrisk energi blir til rein kalori!

I år er vi så heldige og ha 30 års jubileum for grisegrillinga og i tillegg har vi ein ung jubilant blant oss. Dette meiner vi gjev oss ein god grunn til å arrangere ei stor og flott sommaravslutning.

Garderobane på klubbhuset blir tilgjengelege for dei som deltek på øvinga på dagen.
I tillegg blir det satt opp telt for dei som vil overnatte på Sæbø.

 

Det blir folk i Kapteinskvia heile dagen, men servering av gris skjer kl. 20.00

Ta med deg godt humør, det du ynskjer å drikke, og kom! 

Sommaravslutninga er open for alle, uansett om du deltek på øvinga eller ikkje, men det hadde vore fole kjekt om vi fekk godt oppmøte på begge deler. Dette blir ein kjekk dag!! J

Påmelding innan måndag 15. juni på SMS til Kristin(48141920) om du/dykk blir med på begge eller eine av arrangementa. Dette for å berekne mat og øvingsopplegg, men etternølarar er likevel varmt velkomne!

Ekstra informasjon