Rediger

Opplæring i bruk av Nødnett.

Kategori: Hjelpekorps

Nødnett

Utrulleringa av nødnett har kome til Ørsta Røde Kors Hjelpekorps.

I løpet av mai har vi fått 2 instruktørar og vidare opplæring av medlemar startar umiddelbart.

Vi har så langt satt opp desse kursa:

Kurs nr 1: Mandag 1.juni 18:00 - 21:00 og Tirsdag 2.juni 18:00 - 21:00
Kurs nr 2: Mandag 8.juni 18:00 - 21:00 og Tirsdag 9.juni 18:00 - 21:00

Fleire kurs kjem seinare.

Kurset er obligatorisk for alle som skal benytte nødnettet.
Dermed må alle aktive medlemar ta dette kurset.
Men vi ynskjer også at alle "passive" medlemar som har godkjent førstehjelpsprøve og som regel stiller på leiteaksjonar tek dette kurset.

 

Påmelding skjer via ressurssystemet til Norges Røde Kors:

http://ressurs.redcross.no/Auth/Login.aspx

Alternativt kan ein melde seg på til Børulf på SMS til 91633688.

Før kurset:

Alle som skal på kurset bør lese gjennom Sambandsreglement nivå 3 - Norges Røde Kors - versjon 3 og NIVÅ 4 Møre og Romsdal v.1.0

Sambandsreglement nivå 3

NIVÅ 4 Møre og Romsdal V1.0 er eit vedlegg til sambandsreglementet nivå 3. Dette er godkjent av d-råd Hjelpekorps, men kan bli revidert. Ved eventuelle revisjonar vil desse bli sendt ut til dei som er registrert som lokalinstruktør og korpssambandsledere i distriktet.

Sambandsreglement nivå 4

Ekstra informasjon