Rediger

Skredøving 26.02.2015

Kategori: Hjelpekorps

I dag har Operativ leiar i Hjelpekorpset: Kristin Riise og leiar i skredgruppa: Jan Peder Hoggen vore på øving saman med politiet, HV, Sivilforsvaret, Redningshundar og helse. Det blei gjennomført ei papirøving med tema skred. Hjelpekorpsa i Ørsta og Volda kunne i dei første timane stille med 50 personar, og dette er kjempebra! Etterkvart simulerte vi at dette auka ut over dagen.

 

Samtidig var beredskapsgruppa til Ørsta kommune utkalla. Ørsta Røde Kors er ein del av denne beredskapsgruppa og var i dag representert av Helge Vatne.

Øvinga gjekk ut på at det var ekstremvêr i Ørsta. Sørvendt fjellside frå Nivane, og utover, utgjorde ei stor fare for Ørsta si befolkning. I tillegg hadde det tidlegare gått eit ras på Flåskjer som gjorde at E39 blei stengt. Ut på dagen gjekk det eit skred som tok hus i Hagevegen, og indikasjonar tydde på at det var to personar sakna.

Politiet styrte aksjonen og det var vår oppgåve for hjelpekorpset og vere på tilbydarsida og sjå muligheiter ut i frå våre ressursar.

Skredgruppa hadde folk i fjellet for å ta ei vurdering av skredfare og i tillegg blei skredgruppa raskt satt inn når det blei varsla skred ved Hagevegen. Dei gjekk ikkje inn i skredet med ein gong, grunna dårleg vêr og då dårleg oversikt til vurdering av eigen sikkerheit.

Hjelpekorpset var raskt ute med å klargjere at heile Ørsta var i god VHF dekning, men vi ønskte kontakt på VHF med Vartdal grunna skredet som tidlegare hadde gått der. Dette førte til at vi sendte ut sambandsgruppa til å setje opp repeater som kunne linkast saman med repeater på Helgahornet. I tillegg vart hjelpekorpset satt til å bistå skredgruppa ved skredet i Hagevegen. Ein buss med 23 personar vart meldt sakna, og grunna stengt E39, sendte hjelpekorpset ut båt med tre frå hjelpekorpset, to frå skredgruppa og ein hundeførar med hund i båt utover mot festøya for å sjå etter bussen. Samtidig blei 15 personar sendt til Sæbø for å kunne reise med MS Hjørundfjord om bussen skulle vere tatt av eit skred og ein treng meir mannskap. Politiet kom tilslutt i kontakt med bussen og alle var i fin form. Båten til Hjelpekorpset blei då nytta til å vurdere snøoppsamling langs E39.

Heile Vallabøen og til Morkabrua blei evakuert og samlingsplass for desse blei på kulturhuset. Beredskapsgruppa hadde ansvar for dette og arbeidde godt med organiseringa av alle folka og organisere mat til både hjelpemannskap og evakuerte.

Det var ei god øving, der vi fekk øve på fleire moment. Svært viktig at vi får belyse kva kompetanse og ressursar som hjelpekorpset sit inne med. Samarbeidet mellom dei ulike instansane var upåklageleg og det er fint med ei slik øving.

Ekstra informasjon