Rediger

Skipatrulja til Bjorli 28.-30.november

Kategori: Hjelpekorps

Avreise frå Røde Kors ca kl 16 på fredag, avreise frå Bjorli ca kl 16.
ca 3,5 timars kjøring til Bjorli

Overnatting på Stjernehytta med 15 sengeplassar. Ta med sovepose eller eige sengetøy. Det er mulig å leige dette for kr150, men då må Roar få tilbakemelding om kven som skal ha
(må betale dette sjølv).
Hytta har uteboblebad, så ta med badekle om du vil bløyte deg..

Tørrmat og middag laurdag blir ordna. Fredag kveld blir det brødmat til kvelds.
Dersom du har noko form for matallergi MÅ du gi Roar meldig.
Det blir laga felles middag på laurdag.
Det blir handla inn vanleg pålegg, brød, melk,juice, kaffi/te.
Leverpostei, kvitost, brunost, fårepølse,skinke, sylte, majones, egg.

Om du har noko pålegg du ikkje klarer deg uten, må du kjøpe det sjølv.... ( Nugatti.....)

-------------------------------------------------------------------------------

Kurs info : Kurs plassar 12
Tilbudet går først til dei som skal gå inn i vaktording i skipatrulja, dersom det blir ledige plassar blir desse fylt opp av andre i hjelpekorpset som også er engasjerte på vakt på bondalseidet.


Vi må ha to kveldar med teori på førehand. Dato er ikkje bestemt endå, men kjem straks ;) er nesten eit krav at du må kunne delta på desse kveldane for å få maks utbytte av kurshelga på Bjoli.

Kurshelga blir praktisk trening på ulike senario, og alt skjer ute.

Fredag kveld tek vi ei lita økt ute på ein god time.
Laudag : oppstart ute kl 10. held på til ca kl 16. Vi smører matpakke til lunsj.
Blir ute heile dagen. Blir 4 lag som skal innom 4 postar.

Søndag: oppstart ute kl 11. Då skal hytta vere rydda og tømt. Vi sjekkar ut av hytta før vi fer i skibakken.
Vi smører matpakke til lunsj søndag også.

Søndag blir det også gruppeøvingar på ulike senario. Alt skjer ute på søndag også, vi pakkar og reiser heimover ca kl 16 på søndag.

------------------------------------------------------------------------------
Personleg utstyr :

Skiutstyr :alpin, telemark eller randone. Krav om skihjelm
Gode kle til alt slags vær
Sekk, termos
Om du har skredsøkar, søkestong og spade. Ta det med, om ikkje har dert, er det høve til å låne. Men DU må sei frå til meg kva du treng.

Resten er opp til deg kva du vil pakke med deg.

Ekstra informasjon