Rediger

Hjelpekorps

Saudehornet rett opp 6. august 2016

Vaktliste for Saudehornet rett opp 2016, laurdag 6. august:

Les meir: Saudehornet rett opp 6. august 2016

Storøving og Sommaravslutning

Invitasjon til storøving og sommaravslutning

Storøving

Laurdag 20.juni blir det storøving i Hjørundfjorden.

Vi håpar at mange vil vere med denne dagen! Øvinga vil vere både i fjell og på sjø. Dette blir lagt opp slik at vi har mest mulig utbytte av dagen. I tillegg til fjell, bratt og sjøredning vil vi øve på, og teste ut nødnettet og ny VHF-repeater.

Øvinga startar med oppmøte og felles orienteringsmøte kl.09.00.
Ta med kle, sko og niste til å vere ute heile dagen i terrenget (uansett vêr).

Sommaravslutning

Medan øvinga går føre seg laurdag, vil Helge og Odd Jarle vere grillmestrar på Kapteinskvia på Sæbø, like nord for ferjekaia.
På kvelden inviterar vi til sommaravslutning med heilgrilla gris m/tilbehør.
Elektrisk energi blir til rein kalori!

I år er vi så heldige og ha 30 års jubileum for grisegrillinga og i tillegg har vi ein ung jubilant blant oss. Dette meiner vi gjev oss ein god grunn til å arrangere ei stor og flott sommaravslutning.

Garderobane på klubbhuset blir tilgjengelege for dei som deltek på øvinga på dagen.
I tillegg blir det satt opp telt for dei som vil overnatte på Sæbø.

 

Les meir: Storøving og Sommaravslutning

Opplæring i bruk av Nødnett.

Nødnett

Utrulleringa av nødnett har kome til Ørsta Røde Kors Hjelpekorps.

I løpet av mai har vi fått 2 instruktørar og vidare opplæring av medlemar startar umiddelbart.

Vi har så langt satt opp desse kursa:

Kurs nr 1: Mandag 1.juni 18:00 - 21:00 og Tirsdag 2.juni 18:00 - 21:00
Kurs nr 2: Mandag 8.juni 18:00 - 21:00 og Tirsdag 9.juni 18:00 - 21:00

Fleire kurs kjem seinare.

Kurset er obligatorisk for alle som skal benytte nødnettet.
Dermed må alle aktive medlemar ta dette kurset.
Men vi ynskjer også at alle "passive" medlemar som har godkjent førstehjelpsprøve og som regel stiller på leiteaksjonar tek dette kurset.

Les meir: Opplæring i bruk av Nødnett.

Vakt Nynorske festspela

Vi er bedne om å stille som vakt på følgande arrangement:

Fredag 21.00-22.30 "Litterær gullrekkje"

Laurdag 21.00-22.30 "DDE"

Søndag 16.00-17.30 "Aasenstemnet

 

Gi beskjed til Kristin om når du kan stille. Vi bør ha minst to personar fredag og søndag, men fire på laurdag.

Vakt Standalrennet 2.Mai

Laurdag 2. mai skal det årlege rennet på Standaleidet skje.

Her skal vi stille vakter.
Det er venta 50-60 deltakarar.

Rennet startar omtrent kl.12.00 og varer til 15.00-16.00

Ser for meg ei gruppe på fire personar oppe i sida og i tillegg muligens eit par personar i målområdet for ev. småskader som kjem ned.
Vi bør vurdere etter snøforholda skuter.

Gi beskjed til Kristin om du kan stille på dette vaktarrangementet.

X2 - vaktliste

Bashopp - Hellesylt

Fredag: Tormod og Torgeir (Knut og Øystein?)

Laurdag: Krister Rørstad og Einar Tore Haavik


Skateboard - Volda skatepark

Fredag: Lene thelset Heltne og Ole Martin

Fallskjerm / Speedflying - Volda - Aarflotmarka
Oppmøte RK-volda kl.09.45

Fredag: Jørn Humberset og Tina Hjorthaug (til 13.00) Martin Vinjevoll Nes og Robert Bratteberg

Laurdag: Arnfinn Mork og Kristoffer Åreskjold

Les meir: X2 - vaktliste

Endeleg fjellvettreglar på nynorsk.

Her finn du fjellvettreglane på nynorsk.

 

Ekstra informasjon