Rediger

Medlemsmøte

Kategori: Besøksteneste

Besøkstenesta hadde medlemsmøte torsdag 23. august.

20 medlemmar møtte opp.

Møtet starta med at vi song to vers av "Dei nære ting"".
Leiar Eva Berset var ikkje med på møtet pga hofteoperasjon, men vi vart informert om at ho var på betringas vei og rekna med å snart vere på beina igjen.

Det økonomiske er stort sett i rute no før haustlotteriet startar opp.

Det vart informert litt om Røde kors dagen 29. september.
Besøkstenesta vil koke kaffi og steike vafler.

Aktivitetsplanen for hausten 2012 vart delt ut.

Besøkstenesta sitt haustlotteri startar 1. september.
Vi skal selje lodd på Amfi, Eurospar, Spar Hovdebygda, Kiwi Ørsta, Kiwi Meieribygget og Europris.
Vi treng fortsatt folk for å sitte og selge lodd.

Møtet vart avslutta med dei to siste versa av "Dei nære ting".

 

Ekstra informasjon