Rediger

Busstur til Kvamsøya

Kategori: Besøksteneste

Besøkstenesta sin tur til Kvamsøya 5. juni 2012

Foto: Eva Berset og Knut Arne Nygård

Avreise frå Ørsta klokka 09:05 med 41 personar ombord.

 

Avgang Ørsta  Avgang Ørsta

Turen gikk via Herøy kystmuseum der vi hadde ein times pause med servering av kaffi og kaker.
Desverre var museet "okkupert" av 122 ungdomsskuleelevar, så vi fekk ikkje kome over brua til museet.

Herøy kystmuseum  Herøy kystmuseum

10:45 gikk turen vidare til Larsnes via Moltustranda og Gjerdsvika.

På Larsnes var det sol, 16 grader og "Blideveir" ifylgje lokal gradestokk.

Larsnes

11:45 gikk fergå frå Larsnes.
På fergeturen utover var det sol og fint vær, men det var ein ganske kald vind.
12:31 køyrde vi på land på Kvamsøya, der Kari Ristesund kom ombord for å guide oss rundt på øya.

Kvamsøya har 240 innbyggarar, og ein butikk (Coop som stenger 17:00).

I gamle dagar var det to skulekrinsar, nordre og søndre, men desse er no slått saman til ein.
Der er både barne- og ungdomsskule med ca 30 elevar.

Biskop Bernt Støylen (f. 1858) kom frå Kvamsøya,

På øya er det 80 gravrøyser.

Plastfabrikken Brimer Kvamsøy AS har ca 40 årsverk, og dei produserar alt frå jordkjellarar til badestampar.

G  50.jpg

13:25 kom vi til forsamlingshuset Høgtun der vi fekk servert middag, som var lokalt tillaga kjøtkaker m/tilbehør.
Etter middagen vart det servert kortreist dessert, kompott med lokal rabarbra, stikkelsbær, plomme m.m. frå øya.
Til slutt vart det servert kaffi og heilt ferske kaker.

Og innimellom vart det servert gode historiar, og allsong.

Ein stor takk til damene i Landsforeninga for folkehelse som stod for serveringa.

Høgtun  Høgtun

16:30 - Når vi skulle reise tilbake ville ikkje bussen starte.
Heldigvis hadde vi god tid. Ein del tok føtene fatt, og nokre fekk bilskyss til fergekaia.
Og alle kom med ferga som gjekk 16:45.

På Larsnes stod det ny buss og venta på oss, heldigvis har Fjord1 verkstad der.

Turen vidare til Ørsta gjekk utan nokre nemneverdige ting.

Vi kom til Ørsta igjen ca 18:30.

Og alle var enige om at det hadde vore ein fin tur :-)

Takk også til Fjord1 Buss Møre som stilte med hyggelig sjåfør, som raskt og effektivt ordna opp i problema som oppstod.

Fleire bilde finn du i albumet

Ekstra informasjon